fredag 31. desember 2010

Takk for i år!

Godt nytt år! Snart i alle fall. Det er på tide med ei oppsummering av det gamle, før eg startar eit nytt med ny blogg og blanke ark.

I Januar månad må vel høgdepunktet vere at eg flytta inn i ny eigen leilighet. Eg hadde og besøk av Eli og Vigdis, saman med Anita og Ole Andreas. Vi var på Disney on Ice. Og så kom lisje, herlige nevø-Petter til verda litt for tidlig. Biletet ovanfor er forøvrig teke i den samanheng. Det er gratulasjonsbiletet til Eva og Knut, dei nybakte foreldra:-)

I februar skjedde det ikkje så mykje av interesse. Sparebank1 Volda Ørsta inviterte på Balljdag i Oslo, og det kan ein ikkje gå glipp av. Christina var min fotograf her, og har iallefall fått bilete av tilbehør og bordpynt:-) Denne månaden var eg også servitør på Rammsteinkonsert, og sto på ski for første gang i 2010:p

Ein god del av mars gjekk med til Mummiturne rundtomkring i Noreg. Mykje køyring, mange bittesmå kjøpesenter, men god stemning.


I mars la eg også ut min nydelige Chrysler PT Cruiser for salg, utan så stort hell. Det tok vel nokre månader før eg vart kvitt den.

April var også fyllt av mykje Mummi og magasinet Mamma.

Mai. 17.mai sjølvsagt. Heime i Dravlausbygda.

Og Eurovision Song Contest! I Telenor Arena på Fornebu. Stemning.

Eg var også på min første topptur på ski. På Gaustatoppen.

Og Hilde Susanne inviterte meg med på generalprøve på Norsk Militær Tattoo.

I slutten av juni var eg til Lofoten. Steikje fint var det.


Og der prøvde eg ein slik ein rask båt, som eg ikkje huskar namnet på. Men fancy dress fekk vi iallefall.

Knerten og Byggmester Bob har vore gode venar av meg store delar av året.

Og her er utsikta frå takterassen der eg bur, når det er konsert på Valle Hovin:-)

Juli- Green Day konsert på Ullevål Stadion. Adecco ga meg VIP-billettar, og det kan eg ikkje takke nei til.

No var også Petter stor nok til å forstå at Vålerenga er laget å heie på. Ein skal tidleg krøkast!

Ein av dei kosligaste konsertane eg har vore på, var i juli. Det var med Dubliners i Drammen.

Eg tok også ein snartur til London, og fekk ein etterlengta Strawberries and Cream Frappuccino frå Starbucks.

Anita fekk bevist at ho ikkje er den beste til å trille folk i trillebår.

Og Anja fekk testa å køyre t-bane for fyrste gong.

Elles i juli var eg, sikkert både for første og siste gong, med på Holmenkollstafetten. Eg fekk den kortaste etappen som var, men klarte nok å slite meg litt ut likevel. Artig. Eg var også på VIF-Barcelona saman med fotballaget mitt, der vi var med og dansa Glow-dansen med Madcon. Månaden vart avslutta med jobb på Sommerfesten på Giske. Mykje folk, god stemning og veldig mykje bra musikk.

I august starta eg i ny jobb på Gardermoen, og der får du slik fin kunst i kaffien din:-)

Ein plass eg aldri har vore før, er i Parisarhola på Lauvstad. Dit tok eg, Anita, Anja og Sunny turen, ein vakker haustsøndag:p

I løpet av august, var eg også på førpremiere på Flåklypa Grand Prix, digitally remastered:-) Og der møtte vi på eit par av skodespelarane :-)

Eg var også heime på Sunnmøre og serverte i bryllup denne månaden. Og ikkje minst, så traff eg den beste, Alexander, i slutten av august. Så for den som ikkje visste det, så er eg saman med han no. Herlige:-) Han tok meg forresten med på ein konsert med Jean Michel Jarre. Aldri haurt om artisten på førehand, men skikkelig god stemning var det.


Det var vel i september vi tok ein fottur rundt eit vatn i Austmarka.

Og ein litt lenger fottur på Galdhøpiggen.

Meg og min betre halvdel.


No har vi sikkert komt til november, der vi var på båttur med Stein Jarle. Her er Anita og Anja.

I november var vi også på Beitostølen, der vi lanserte maskotane for VM på ski, Fnugg og Ull.

Alexander fekk prøve seg på trompet. Ikkje så lett å høyre kva song han spelte, men moro læll.

To skjøne gutar i Ålesund for første gong.

Preikestolen, min første gong. Alexander sin n`te.


Og så avsluttar eg med eit bilete frå julaftan. Den feira vi heime med ho mor på Sunnmøre.

Og om du no har gidda å sett gjennom heile innlegget, så; from all of us, to all of you:


HAPPY NEW YEAR! :-D


Petterdotter-2011

tirsdag 28. desember 2010

Ny blogg, nye muligheiter:-)

Velkomen til mi verd. Eg har no fått meg ein ny blogg, sidan den førre vart litt utdatert. Så no startar eg med blanke ark, så får vi sjå kvar eg endar. Og medan eg tenkjer på kva eg skal skrive, så ynskjer eg alle og einkvar ei riktig så god jul :-)